NYNORSK STIL - 4+ :-)
Eg har venner fordi eg liker når alt handlar om meg, og når eg får all oppmerksemd. Vennene mine skal gjere alt for meg og det er berre eg som skal vere deira bestevenn. Eg er den som er ledaren i gruppa, den som bestemmer alt saman. Vennene mine ska gjer ting eg seier og dei kan ikkje vere betre enn meg. Eg er ikkje venn med nokon som er penare enn meg, eg må vere den som gutane syns best om, slik at alle auga er på meg. Viss nokon av jentene begynner å sjå betre ut enn meg kvitter eg meg med de. Dei fer berre lov til å gå ut med dei gutane eg seier det er ok å gå ut med. Viss eg liker den guten eller eg ikkje vil at dei skal gå ut med han så får dei ikkje lov viss dei ikkje har min velsigning. Dei eigenskapane eg leiter etter i venner er at dei alltid skal vere der for meg, og viss eg trenger hjelp med noko så skal dei alltid stille opp. Viss eg manglar pengar for eit nytt skjørt eg vil kjøpe så skal eg kunne få lånt pengar av dei, utan at de skal krevje noko tilbake. Eg gjer dei pengar når eg sjølv føler for det. Ein anna ting som er viktig hos venner er at man kan stole på dei. Eg må vite at dei ikkje seier noko vidare til andre og at dei forteljar meg all sladder som dei høyrar om andre jenter på skulen. Viss eg får vite at dei har sladra til nokon andre eller at dei har skjult nokon hemmelig heitar frå meg blir dei utestengt frå gjengen vår. Eg kan ikkje ha for smarte venner slik at eg ser dummare ut eller får dårligare karakter. Men dei kan vere så smarte slik at dei kan gjere lekser for meg når eg trenger hjelp, eller når eg ikkje har tid. Derfor er det vanskelig for meg å skaffa meg venner, dei må vere akkurat slik eg vil dei ska vere og oppføre seg. Det er derfor eg har så få nære venner som akkurat passar til dei krava eg setter.
Viss dei har klede som eg også har, får dei ikkje lov til å gå med de, vertfall ikkje når dei er med meg. Dykk synes vel at eg høres ut som ei bitch, men eg er faktisk ikkje det. Eg har berre nokon krav som andre folk ikkje har, og eg trur at alle tenkjer på ein slik måte som eg gjer, dei berre tørr ikkje å gjere noko med det. Vaksne og lærarane forteljar oss om kor viktig det er å ta vare på vennene våre og kor viktig det er å hjelpe kvarandre, eg er heilt einig, men eg hjelper berre ikkje tilbake. Det er ikkje at eg ikkje er glad i vennene mine, for det er eg. Dei er ein stor del av livet mitt, og eg hadde våre hjelpelaus utan dei. Det som er annleis med meg er at eg kan lett bytte ut vennene min med nokon andre. Eg blir ikkje så tilknytte til mine venner som andre blir. Eg hjelper dei gjerne, så lenge det inneberer at det hjelper meg det eg gjer.
Eg trur alle må ha venner. Alle har eit behov for å føle seg verdsett, og at man veit at eg, nettopp eg betyr alt for ein person og at det er meg dei ringar viss dei er lei seg for noko, og du veit at det er berre du som kan få humøret opp igjen til den personen.
Familien din, kjærasten din er også vennar. Eg syns at man kan kalle ein person ein god venn når man har kjent dei lenge og når du veit at man kan stole på han eller henne. Eg har venner fordi eg føler meg bra når vennene mine ser opp til meg og gjer alt eg seier. Eg føler meg som ei dronning når eg er med dei, og slik vil eg fortsette å vere. Eg er ikkje bortskjemt. Eg får det berre som eg vil.
torsdag 27. mars 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så fantastisk nydelig stil ;) føler eg har lest den før... hmmm.... :p ;)
Legg inn en kommentar